Foto: Ingrid Hovstad/Fitjar Senterparti

Debatt: Det er vel kjent at bygningsmassen til Fitjarstølane barnehage treng eit løft når det gjeld vedlikehald. Dette er ei sak me ynskjer å ta tak i når det nye kommunestyret kjem i arbeid. 

Av: Ordførarkandidat Karen Elisabet Rydland Sæbø, og leiar for oppvekst og omsorg og 3. kandidat Grete Marit Veka Maraas

Som ein oppfølgjar til innlegget frå Fitjar KrF vedkomande barnehageplassar i Fitjar vil me i Fitjar Senterparti koma med nokre tankar om drift av barnehagar i Fitjar kommune.

Ja, sjølvsagt er me einige i at det må vera nok barnehageplassar her om kommunen skal vera attraktiv for unge familiar!

Pr i dag er det nesten nok barnehageplassar i Fitjar. Det var ledige plassar i 2018, og ved siste opptak fekk alle plass til slutt. Likevel er det ynskjeleg å ha nokre plassar til, med tanke på uventa hendingar.

Dessutan er det ein hårfin balanse mellom full dekning, og litt for mange eller litt for få plassar. Det seier seg sjølv at dei som driv barnehage er avhengige av at drifta går rundt. Dei er ikkje tente med å ha tomme plassar. Det er heller ikkje kommunen i sin kommunale barnehage i Fitjarstølane. Samtidig er det kommunen si plikt å sørgja for nok barnehageplassar.

Me er einige med KrF i at ei rask utgreiing av korleis Fitjar kan få nok barnehageplassar høyrest flott ut, og det er vel og bra at dei er innstilte på å arbeida med denne saka. Men denne utgreiinga er allereie i gong! Drift av barnehagar kjem inn under «Barnehageplan», der kommunen har ein plan 2017-2020. Administrasjonen vil starta arbeidet med rullering av denne planen fekk ein opplyst i utvalsmøtet 11. juni i år. Me i Senterpartiet vil streka under at planarbeid er noko av det viktigaste i ein kommune.

Det er ikkje gjort i ein fei å rullera ein kommunal plan. Det skal det heller ikkje vera. Planarbeid skal ikkje ta unødig lang tid, men det skal heller ikkje gjerast så raskt og lettvindt at ein ikkje får ein god nok plan. Gode planar er dei viktigaste reiskapane me har for ei effektiv sakshandsaming i resten av både det politiske og det administrative arbeidet.

Me i Senterpartiet meiner det er rett at kommunen driv ein barnehage. Me meiner innbyggjarane er best tente med eit tilbod av både kommunale og private barnehageplassar. I Fitjar har me allereie ein godt etablert tradisjon for dette, og me ser ikkje nokon grunn til å endra balansen mellom dei ulike aktørane.

Det er vel kjent at bygningsmassen til Fitjarstølane barnehage treng eit løft når det gjeld vedlikehald. Dette er ei sak me ynskjer å ta tak i når det nye kommunestyret kjem i arbeid. Me ynskjer i første omgang ei utgreiing av kor omfattande vedlikehald som trengs, og eventuelt i neste omgang å støtta bygging av ny barnehage om det viser seg å vera beste løysinga.