Ole Sandvik på Helland produserer god mjølk, og blei premiert for dette på årssamlinga i TINE produsentlag.

På Rubbestadneset fekk Ole Sandvik i dag utdelt 5-års plakett for produksjon av særs god mjølk. Denne utmerkinga er eit bevis på at han har levert såkalla elitemjølk 5 av dei siste 6 åra. For at mjølka skal få denne gode attesten, må bl.a. bakterietalet vera lågt pga. god kjøling og reinsemd. Celletalet må vera under ei viss grense; kvite blodlekamar i mjølka er teikn på sjukdom. Vidare må det ikkje vera smaksfeil på mjølka, og ho må vera rein for medisinrestar.

Alt dette og meir til har klaffa bra for Ole Sandvik i mange år, og det var såleis ein fornøgd bonde frå Helland som kunne ta imot plaketten frå styreleiar Jan Ove Tryggestad i TINE Region Vest.