Rådgjevarane ved Fitjar vgs og Rimbareid skule, Helsestasjonen og psykisk helsearbeid i Fitjar markerte i dag Verdsdagen for psykisk helse med foredrag, film og zumba. Det heile fann stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Det starta i Kultursalen.

Først ut var psykolog Inger Johanne Moe. Ho tok i foredraget sitt elevane med på ei reise der ein møtte på ulike psykiske utfordringar. Deretter viste ein filmen «Switsj» som handlar om kor tøft det kan vere å kome inn i gjengen. 

Inne i Idrettshallen var det rigga opp med platå og høgtalaranlegg. Det var klart for zumba.

Leia av fysioterapeut Kari Raunholm og kontaktlærar Ann-Sofie Drønen vart det ei gøy avslutning på pit stop-en.

Ein pit stop der ein altså hadde tydeleg fokus på psykisk helse. 

Rett nok tjuvstarta ein litt. Verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober. Men då har fitjarelevane haustferie.