Under Handballfestivalen 2013 i pinsehelga vil ein del av kampane bli avvikla i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Fitjar IL Handball og Handballfestivalen på Stord har i år inngått samarbeid om avvikling av ein del av kampane under årets festival.  Laurdag 18.  og søndag 19. mai vert idrettshallen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg fylt av unge handballspelarar frå mange stader i Hordaland, Rogaland, og andre fylke.

Handballfestivalen, eller Pinsecupen som den og vert kalla, blir i år avvikla for 24. gong, og handballfolk frå Fitjar kjenner godt til denne festivalen. Mange fitjarbuar har hatt fast tilhaldsstad på Vikahaugane i pinsehelga og heia fram sine gutar og jenter. Stordøya blir under handballfestivalen «invadert» av mange tusen handballspelarar, og det vert spelt kampar heile helga på over 20 kampstader i området kring Vikahaugane. Fitjarhallen er i år einaste spelestad vekke frå området, og blir bane nr. 23 i kampoppsettet.

Handballfestivalen får i år vitjing av trenaren for det norske herrelandslaget i handball, Robert Hedin. Han vil opna festivalen på Stord, og han har sagt at vil vitja Fitjarhallen under sitt opphald på Stord.

Fitjar IL Handball skal ha ansvar for kiosksal og sekretariat under arrangementet i Fitjarhallen, og leiar for handballgruppa, Charlotte Ayoe Solberg, er svært takksam for alle som stiller opp og hjelper til med dette arbeidet. Det er langhelg og mange skal reisa vekk frå bygda, men likevel har ho fått nok folk til dei ulike oppgåvene. Inntektene frå salet vil koma handballgruppa i Fitjar til gode.

Charlotte oppmodar no alle Fitjarbuar, og andre, som er i bygda desse dagane, til å koma innom idrettshallen og få med seg nokre av kampane som vert spelt.  Det er alltid kjekt med publikum når ein spelar kamp, seier Charlotte, så kom og heia på dei som er med.  Det er og veldig kjekt å sjå den iveren som dei unge spelarane viser, og ikkje minst kor flinke dei er!  Inngang til hallen er gratis.

Fitjarbuen blir oppmoda om å følgja med i lokalavisene, og Festivalavisa som vil liggja ved Bladet Sunnhordland denne veka. Her finn ein all informasjon om arrangementet.