Godt over hundre personar fann vegen til Svartavatnet i strålande solskin, då turlaget og Fitjar kyrkje inviterte til friluftsgudsteneste andre pinsedag.

Dei fleste tok beina fat frå Vassverket, med eller utan stokk. Andre kom frå Vistvikjo elller via Beinatjørnsvarden. Nokre få kom syklande, og dei som ikkje evna koma opp for eigen maskin fekk hjelp av ulike motoriserte køyretøy eller ei sterk mor eller far.

Det var lunt og godt i hallinga nedanfor utlaupet av Svartavatnet.  Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu stod for gudstenesta og nådde godt ut til den spreidde forsamlinga på trass av at batteriet i mikrofonen var flatt. Allsongen vart løfta av ei flott messinggruppe frå skulekorpset, fuglane deltok i akkompagnementet og lovsongen tona godt utover fjellheimen. Nobu, som kyrkjelydspresten kallar seg, snakka om den spesielle plassen mennesket har i skaparbiletet, og refererte til både Salme 8 som var lesetekst og preiketeksten i Joh. 3,16-21.

Etter at velsigninga hadde lydd ut over fjellheimen og forsamlinga var det tid for kyrkjeniste og kaffi, før turfolket retta nasa heimover igjen, anten beine vegen eller om Beinatjørnsvarden saman med turleirar Ellen Vestbøstad.

Folk hadde ein fin tur både opp og ned,  uansett kva side dei kom frå. Gudstenesta var flott med ei nydeleg, naturleg ramme, og samla alle generasjonar. Sola skein og varma. Ormen haldt seg vekke. Alt var så vellukka at dette arrangementet gjerne kunne ha samla endå fleire enn dei vel hundre som deltok på den tradisjonelle friluftsgudstenesta i dag.