Bursdagsfest er gøy, og borna i Fitjar sokneråds barnehage fekk vera med å feira kyrkja sin fødselsdag i Fitjar kyrkje onsdag 23.mai.

Først hadde me ei samling i kyrkja.  Kateket Randi Lønning Matre fortalte engasjert, med hjelp av duplo-klossar, kva som skjedde i Jerusalem med læresveinane i pinsa: Læresveinane sto frimodig fram og fortalte at Jesus lever. Mange nye kyrkjelyder blei oppretta. Derfor blir denne høgtida kalla :kyrkja sin fødselsdag.

 

Etter samlinga var det bursdagsfest i kyrkjestova! Bordet var dekka med kvit duk, festlysestake og stort fruktfat. Akkurat slik me pleier ha bursdagsfest i barnehagen.

 

” Me har gløymt å laga kruna til kyrkja” , var ein kommentar, ”men me må syngja bursdagssongen og ” skyta opp rakettar!” Dette blei gjort, før me returnerte til barnehagen ei oppleving rikare