Fitjar IL har vore representert med fem lag under Handballfestivalen på Stord i pinsehelga.

Blant dei vel 3000 handballspelarane på Stord denne helga fann me fem lag frå Fitjar. Fire av desse laga er ferdige med handballinnsatsen sin for i år, utan den heilt store sportslege suksessen. I klassen for gutar 12 år stilte Fijar med to lag, utan at dei greidde å vinna nokon kampar. Men det gjekk på ingen måte ut over trivselen; både gutar og foreldre smilte om kapp med den gloheite sola kvar gong me møtte på dei. Og i eit par av kampane var dei veldig nær ved å vinna. I jenteklassen stilte eit 11-årslag, som greidde å vinna ein av kampane sine. Tomålssigeren mot Åkra 2 blei rett nok den einaste triumfen, men ingen hang med hovudet. Det gjorde heller ikkje dei store jentene i 16-årsklassen, som gjekk på ein stjernesmell med 1-25 søndag morgon. I dei kampane me fekk med oss, hang dei bra med, og mot Gneist 4 kunne dei faktisk ha vunne, med litt meir klaff.

Det einaste Fitjar-laget med sportsleg suksess i år, er ein gjeng 16 år gamle gutar. Dei har spela fire svært gode kampar til no i turneringa, og er favorittar til å spela finale i morgon, 2. pinsedag, klokka 12.00. Då møter dei truleg Stord, som dei slo 15-14 i ein knallgod kamp fredag kveld. Same kvelden slo dei Austrått heile 24-9, og i dag har dei sopt Randaberg og Rival av banen med liknande kalassiffer. I morgon klokka åtte blir det semifinale, og det skal veldig mykje til om nokon kan hindra gutane i å nå finalen, eit nytt prestisjeoppgjer mot Stord!