Som ein del av trusopplæringa i kyrkja vert det fredag 9. november tilbod om ”Pilgrimsvandring” for dei som går i 4. og 5. klasse.

– Då er det planleggingsdag på skulen, og borna som melder seg på kan vere med kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen å treffa ulike personar som møtte Jesus: Til dømes Josef, tømmermannen, kvinna ved brønnen, Tomas med fleire.

Vi skal vere ute, og i kyrkja og på bedehuset. Vi skal ete, leike og lære. Vi trur det blir kjekt, skriv sokneprest Olav Oma til fitjarposten.no.

Påmelding til kyrkjekontoret sify@fitjar.kommune.no innan måndag 5. november.