På kyrkjelydsfesten på Fitjar bedehus søndag ettermiddag er temaet «Ei pilgrimsreise».

Det vert tale og bilete ved tidlegare sokneprest Inge Bruland (gift med Aud Jorunn Bjørlykke frå Fitjar), og det vert film for borna under talen.

– Elles vert det song av Marita Westerheim og Familiegruppa – og diktlesing ved Kjersti Muri. Sokneprest Olav J. Oma vil òg ta del. Som seg hør og bør, vert det både kaffi og kaker på festen, opplyser Harald Johan Sandvik til fitjarposten.

Det er ikkje inngangspengar, men det vert teke opp kollekt.

Festen er open for alle.