Ingve André Strand blei nummer tre i NM-runden i crosscart på Finnskogbanen i går.

Det var ein strålande fornøgd Ingve André Strand me hadde på tråden frå Kongsvinger i går kveld. Han var då på veg heim med ein ny pokal frå NM i crosskart.

Årets tredje NM-runde blei avvikla av KNA Solør Motorsport på Finnskogbanen 15 km frå svenskegrensa i går. Dette er ein av favorittbanane til Ingve André. – Her plar eg alltid gjera det godt, seier han.

Og denne gongen heldt han på å gå heilt til topps. Etter éin førsteplass og to andrlassar i innleiande heat, starta han i 3. spor framme i A-finalen. Han tok starten og leia mesteparten av løpet. Men undervegs fekk han tekniske problem, og på sisterunden blei han passert av vinnaren Marius Vardeberg og Ludvik Einarsen, som blei nummer to.

Ingve André reknar med han hadde vunne utan dei tekniske vanskane, men han er likevel storfornøgd. – Eg har jo sagt det før at resultata kjem først i tredje løpet!

Sonen, Anders Halleråker Strand, måtte nøya seg med femteplass i C-finalen. Han køyrer bra, og tar ofte starten, men han slit med flyten heilt inn, seier Ingve André.

No siktar dei seg inn mot neste NM-runde i crosskart; den går av stabelen Skien, der Ingve André liker seg godt. No er han optimist. – Det går rette vegen no, seier han, pila peikar oppover!

Ingressbilete: Glade gutar på tur. Pila peikar oppover for Ingve André Strand. Foto: Kjetil Rydland.