Her er eit reisebrev frå Fjellheim Friluftsbarnehage sin studie- teambuildingstur til København.

Fjellheim Friluftsbarnehage sine ti tilsette reiste til København 17. til 20. mars på studie- og teambuildingstur. Reisa vart finansiert med midlar frå Fitjar kommune (frå fjorårets budsjett) og med oppsparte midlar frå barnehagen.

Me ankom København torsdag kveld i tett snøvêr.

Fredags morgon hadde me avtala å møta opp på Nørrebro klokka 8.15 for å fylgja bussen til Hudegaarden udflytterbørnehave i Jerse, 45 min. bussreise på motorveg.

Alle barn og tilsette møtte opp på Nørrebro for så å bli køyrt til barnehagen kvar dag.

På bussen starta dagen for barna. Med opprop, litt informasjon om kva som skulle føregå den aktuelle dagen, og historielesing over bussen sitt høgtalaranlegg.

Vel framme i Hudegaarden gjekk barna i gang med leiken på uteområdet til barnehagen. Tanken med ein udflytterbørnehave er at barna skal få komme ut av byen og at dei skal få leike utendørs i landlige omgjevnader. Uteområdet var ikkje særleg stort, men dei kunne gå til ei lita «eng» i nærleiken som dei hadde saman med to andre «udflytterbørnehaver».

Barnehagen har hus, men er lite innandørs. Skulle dei gå tur måtte dei ta den lokale bussen, for det var ikkje turområde i nærleiken av barnehagen.

Me opplevde nok at me er heldige som har så flott og variert tur- og uteområde i vår barnehage.

Sidan Hudegaarden satsa alt på leik på uteområdet sitt, hadde dei ulike bodar med ulikt innhald. Ei snekkerbod, ei male- og kunst bod, ei bod med hagereiskap til dei som ville laga grønsakhage, ei bod med muligheit for å leike med lego og perler, og ei bod med ved til grua dei hadde.

Etter lunsj drog me med taxi til «Skovbørnehagen» til Søtorp Børneinstitusjon. Heile barnehagen bestod av 154 barn fordelt på tre småbarnsavdelingar,  tre 3-5 års avdelingar og ei skoggruppe.

Skovgruppa haldt til i flotte omgjevnader, i ei gammal speidarhytte som dei hadde leigt i 18 år. Inne var det ingen ting som minna om barnehage, berre eit stort bord og stolar og garderobe med knaggar til alle ungane. (Dei vaska faktisk opp koppane etter maten for hand). Innandørs åt dei nista si og brukte toalettet.

Uteområdet var flott, variert, kupert og stort. Marie, pedagogisk leiar, tok i mot oss og viste oss rundt. Dei hadde mange flotte “heimelaga” leikeapparat og ein lang og bratt rutsjebane som mest sannsynleg aldri hadde blitt godkjend i Norge, men der ungane storkosa seg.

Me avrunda fredagen med felles lunsj i København for alle blide og kjekke damer i Fjellheim Friluftsbarnehage. Laurdag og søndag vart nytta til teambuilding, sightseeing og shopping for dei som ynskte det. Ein flott og innhaldsrik tur!