Fitjar Idrettslag stilte men ein mindre tropp enn vanleg i romjulsstemnet på Vikahaugane i dag, men dei hevda seg godt.

Under romjulsstemnet i friidrett på Vikahaugane i dag, stod Marius Pedersen for dagens beste Fitjar-prestasjon, med 1,48 i høgde.

Resultatet er personleg rekord med tre cm for den allsidige friidrettsguten frå Fitjar. Bjart Sandvik Bø, også han i 13-årsklassen, følgde fint opp med 1,30 cm, ei forbetring av persen med åtte centimeter.

Rekruttane Ola Dalen, Guro Dalen og Gard Sandvik Bø gjorde sine saker bra i lengde og på 60 meter. Sofie Bergesen Førre i tiårsklassen presterte fine 2,97 meter i lengde, og Jonas Dalen (11) strekte seg til 3,67 i same øving. Det viser også at trening nyttar!

Johannes Sandvik Bø (14) suste inn til suveren siger på 60 meter med tida 8,74, som er personleg rekord med to tidelar.

På grunn av juleferie stilte berre åtte deltakarar frå Fitjar denne gongen. Fleire er litt småskadde og stinne av trening for tida.

– Men det vi fekk sjå i dag, lovar likevel godt for sesongen 2020, seier friidrettstrenar Bård Inge Bø.