Både Tone Sandtorv Brakedal og Natalie Steien imponerte i seriestemnet i hopp utan tilløp på Stord denne veka.

Stemnet blei avvikla på Vikahaugane måndag kveld med lengde og høgde utan tilløp på programmet. Tone sette ein flott ny pers i lengde utan tilløp med 2,40 meter.

Unge Natalie Steien ser ut til bli den neste stjerna på friidrettshmmelen i Fitjar. Ho viste flotte takter i høgde utan tilløp med 0,95 meter. Dette resultatet er det klart beste oppnådd av ei 11-årig jente i Fitjar sidan resultata byrja å bli nedskrivne tidleg på 1960-talet!

Elles deltok Bjart og Johannes Sandvk Bø i lengde utan tilløp. Og sist, men ikkje minst; Bård Inge Bø hoppa 2,76 meter i lengde og 1,43 i høgde.

Neste store stemne for Tone bir NM for ungdom 7. mars.