Førstkomande laurdag er det klart for eit nytt «Perler frå bedehusland» i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Under årsmøtet til Indremisjonssamskipnaden i 2009 vart «Perler frå bedehusland» arrangert for første gong. Dette slo veldig godt an, og hausten 2010 vart det arrangert eit liknande arrangement. Laurdag er det for tredje gong mogleg å høyra mange av dei gode bedehussongane i Kultur- og idrettsbygget på Fitjar.

I tillegg til mange lokale aktørar, blir det besøk av Knut Inge Røen frå Samnanger som mellom anna syng fleire kjente Jim Reeves-songar. Frå Fitjar kan ein høyra Fitjar ad hoc ensemble, Praise Him, Osternes Mannskor, Fitjar Barnegospel og fire frå familien Oma.

Det blir òg tid til eit par allsongar, og det heile blir som vanleg leia av Håkon C. Hartvedt.