Fitjar Idrettslag arrangerte eit over måte vellykka O-løp i skogen sør for Svartasmoget tysdag kveld.

Harald Westerheim hadde laga 4 løyper, som alle hausta mykje skryt. Der var utfordringar som høvde godt for tidlegare landslagsløparar, og nybyrjarløype som gav meirsmak for dei yngste. Øyvind Skålevik i arrangementskomiteen for Fitjar Idrettslag slår derfor fast at dei avvikla eit perfekt O-løp tysdag kveld.

Totalt deltok 61 løparar, om lag 15 i kvar løype. Dei to lengste løypene hadde fellesstart. For at løparane då ikkje skulle kunna hengja seg på kvarandre utan å lesa kartet sjølve, var løypene «gafla» (sommarfugl). Dvs. at ein rundt ein sentrumspost sende løparane ut i sløyfer i forskjellig rekkjefølgje og retning, men slik at alle til slutt hadde sprunge omtrent like langt og vore innom alle postane. På denne måten veit ingen kva løype dei andre har hatt før etter løpet. Dette gir litt ekstra stress, og viser til slutt kven som er den beste til å halda konsentrasjonen på oppgåvene. Ein fin variasjon frå det vanlege opplegget med intervallstart.

Resultata ligg på Stordsida:
http://ans.hsh.no/home/jh/ostoff/Sesong09/TerminlisteSunnhordland2009.htm

Frå Fitjar Idrettslag deltok fem løparar: Jens Øien Kloster, Per Audun og Jorunn Kloster, Rolf Atle Rolvsnes og Dagfinn Lyngvær.