Førstkomande torsdag kjem den folkekjære, no avgåtte biskopen til temakveld i Fitjar kyrkje, og Eli Simonsen lovar i ei pressemelding at han vil sprengja grenser.

Då biskop emeritus Per Arne Dahl (69 år) vart utnemnd til statsstipendidat, vart det framheva at han med sitt allsidige virke bidreg til å sprengja grenser når det gjeld kommunikasjon mellom kyrkje og folk

Temaet hans på torsdag er «Sårbarhetens kraft og risiko».

I den siste boka, som kom ut no i oktober, skildrar han korleis vi alle vert merkte av livet og at vi slett ikkje har kontroll.

Den folkekjære forfattaren skriv truverdig og nært om korleis vi kan leva med det vonde ingen ser. Det krev mot å visa sårbarhet, og det er viktig korleis vi hjelper kvarandre når det røyner på.

«Sårbarhet er ikkje svakhet» understrekar Per Arne Dahl, men kan også gjera oss sterkare og klokare». Men han kjem også med ei åtvaring: «Pass deg så ikkje sårbarheten blir brukt mot deg av kyniske og ufølsomme menneske».

Per Arne Dahl har vore leiar for Institutt for Sjelesorg og Samlivssenteret Modum Bad. Han har òg vore fast spaltist i i Aftenposten med spalta «Under åpen himmel» saman med teiknaren Ulf Aas. Der formidla han òg tankar om tru og verdiar. Han har vore flittig brukt som andaktshaldar i NRK . I 1999 vart han tildelt Petter Dass-prisen for engasjementet med å formidla tru og verdiar.

- Annonse -

– Me ser fram til ein spennande kveld med ein fantastisk formidlar! skriv Eli Simonsen i pressemeldinga