Stanley Johansen i midten og Tore Tverderøy fann mykje å gle seg over i talen til Olav J. Oma. Foto: Kjetil Rydland.

Som vanleg var kantina på Fitjar vidaregåande heilt full då eldrerådet og skulen hadde invitert til feiring av eldredagen, og stemninga rundt dei vakkert pynta borda var som vanleg god.

Då markeringa av eldredagen opna klokka 15 i går ettermiddag, hadde kantina på Fitjar vidaregåande skule vore meir eller full i ein halvtime. Det var tydeleg at dette er eit sosialt høve som dei eldre ikkje vil gå glipp av.

Om lag eitt hundre eldre i alle aldrar var til stades då det offisielle programmet begynte med musikalske innslag. Ein stolt kulturskulerektor Håvar Kroka presenterte tre lovande elevar. Sofie Rimmereid og Eline Fitjar Hjelle spela piano, og Eirin Moldestad Oma spela «Kari Pers polska» frå Røros på fiolin. Til stor glede for arrangørane og eit takksamt publikum.

I helsingstalen sin la ordførar Wenche Tislevoll vekt på at det kjekkaste med den politiske gjerninga har vore møte med menneske som har levd ei stund. Ho minte om at frivillig arbeid ikkje minst er viktig når me blir eldre. Ho la ikkje skjul på at ho er glad for alle aktive eldre som er med og gjer ein innsats i Fitjar. På Seniorsenteret kan eldre møtast og få endå meir til å skje.

Ordføraren nytta høvet til å takka Fitjar vidaregåande skule for at dei stiller opp som vertskap for eldredagen. Elevar ved skulen pyntar, lagar snittar, kaker og kokar kaffi og ryddar etter tilskipinga.

Ekteparet Elisabeth Moldestad og Olav Johannes Oma stilte opp med underhaldning i ord og tonar. Elisabeth song fleire vakre, sjølskrivne songar til akkompagnement av Olav på piano og gitar. Den tidlegare soknepresten vår heldt talen over temaet «Mot og overmot». Han tok utgangspunkt i den lange karrieren sin som løpar, både på korte og lengre distansar, heilt fram til han i år sprang sin første maraton.  Og Oma fekk dei eldre til å trekkja på smilebandet meir enn ein gong.

Leiaren i eldrerådet, Eva Pernille Tufteland, fylte år i går, og fekk blomar av nestleiaren, Arvid Ole Refvik. Foto: Kjetil Rydland.

Oma erkjente at han hadde vist litt overmot under sitt livs aller første maraton, men han slo fast at han gjerne viser overmot når det gjeld Guds nåde.

– Den er ikkje rimeleg, men uendeleg stor, slo presten fast, før ekteparet avslutta med ein song skriven av Elisabeth, også den med nåde som gjennomgangstema: «Nåde inn i tida, heile tida gjennom Kristus. Sjå kvarandre gjennom Kristus.»

Fysioterapeut Kari Raunholm orienterte om folkehelseprosjektet «Aktiv saman». Dette er eit prosjekt som skal hjelpa eldre å styrkja nettverket sitt, og motverka einsemd og passivitet. I tillegg til fysioterapeuten er Ellinor Austad Bergesen frå Fitjar Frivilligsentral og Guro Betten frå Fitjar vidaregåande skule med på prosjektet. Metoden er utvikla i Vennesla, og du kan lesa meir på denne heimesida: http://www.aktivesammen.no/

Elisabeth Moldestad syng sjølvskriven son til akkompagnement av ektemannen Olav J. Oma. Foto: Kjetil Rydland.
Guro Betten, Kari Raunholm og Ellinor Austad Bergesen orienterer om folkehelseprosjektet «Aktive saman». Foto: Kjetil Rydland.

Samværet i kantina blei avslutta med at konferansier Arvid Ole Refvik takka Finn Maraas for akkompagnement til allsongen på trekkspel. Og delte ut ein stor blomsterbukett til leiaren i Fitjar eldreråd, Eva Pernille Tufteland, som fylte år i går, på sjølvaste eldredagen!

Den internasjonale eldredagen vart oppretta 1990, og har blitt markert i Fitjar i mange år. FN har eit eige program som set fokus på eldre. Arbeidet går ut på å gjere det mogeleg at saker som gjeld eldre skal kome høgare opp på agendaen.

Eldrerådet i Fitjar

Fitjar eldreråd blei oppretta i samsvar med Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd (eldrerådslova) av 8. november 1991.

I kvar kommune skal det vera eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar i kommunen.

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.

Fitjar eldreråd arbeider for at kommunene og andre styringsorgan skal følgja opp sine plikter overfor dei eldre og hjelper til med å leggja forholda til rette på best mogeleg måte for innbyggjarane i Fitjar.

For inneverande valperiode 2015–2019 er eldrerådet samansett slik:
Arvid Ole Refvik, leiar 2015–2017
Eva Pernile Tufteland, leiar 2017–2019
Torunn Johansen
Grete Marit Veka Maraas (Sp)
Trude Miland Helland (representant for brukarane ved Fitjar bu- og behandlingssenter)

Kontaktinformasjon:
Eva Pernille Tufteland, tlf. 99 55 77 79 eller nestleiar Arvid Ole Refvik, tlf. 90 84 91 93.