Eldrerådet hadde planlagt ei flott samling i høve eldredagen i samarbeid med Fitjar vidaregåande skule (vgs) og ordførar Wenche Tislevoll.

God drøs ved alle bord, godt program og god mat. Slik kan ein enkelt seie det om markeringa i ettermiddag. Lat oss og få med at om lag hundre eldre og gamle var møtt fram. Åshild Ulstrup frå Kvinnherad heldt eit inspirerande føredrag over temaet Alder er ingen diagnose, der festlyden fekk påminning om at alderdommen ofte vert kalla livets dessert. Åshild Ulstrup, kjent som journalist og radiomedarbeidar, let oss få innsyn i gamle og eldre sine opplevingar, som ho har føredrege om og skrive om i mange bøker. Mange gode døme på livsglede og livslyst vart tekne fram, også hos menneske som har noko å streve med. Det er vel verdt å tenkje på fleire utsegner som vart sagt i føredraget. Du er ikkje eldre enn du gjer deg til. Tel ikkje rynkene, men gledene. Ingen må hindre oss i å vere den me er. Alle aldrar har sin sjarm. «Kvar ny dag er eit under og det takkar eg for», sa Åshild Ulstrup.

Festen vart godt leia av ordførar Wenche Tislevoll. Ho introduserte Edith Helland som song så vakkert til piano-akkompagnement av Harald Rydland. Per Drønen framførde dikt av blant anna Tora Vestbøstad og Jimmy Øvredal. Ei lang og triveleg matøkt gav høve til den gode praten og nyting av snittar og kaker som var laga og servert av elevar ved Fitjar vgs. Også praktisk til rettelegging av lokalet var elevane sitt ansvar. Wenche Tislevoll og Toralf Røen takka for den store, frivillige innsatsen som ligg bak den vellukka eldrefesten i ettermiddag.

Den internasjonale eldredagen vart oppretta 1990, og har blitt markert i Fitjar i mange år. FN har eit eige program som set fokus på eldre. Arbeidet går ut på å gjere det mogeleg at saker som gjeld eldre skal kome høgare opp på agendaen.

Mange kjende seg att då Per Drønen las dikt om gamledokteren Knut Moe. Foto Turid Sandvik

Servering

Flinke servitørar frå Fitjar vgs. Frå venstre Håkon Magnus Sætrevik Sørmo, Yalda Bahar, Rebecca Hauge Alsaker, Matias Toskedal og Martine Lunde Johnsen. Foto Turid Sandvik