Endeleg pengar til å rusta opp vegen mellom Fitjar og Sagvåg

I ei pressemelding frå leiaren i Fitjar KrF, Johannes Nesse, kan me lesa følgjande:

Tidlegare ordførar i Fitjar, Harald Rydland frå KrF, tok i april 2010 opp saka om å søkja bompengefinansiering for å rusta opp delar av vegen mellom Fitjar og Sagvåg. Sidan vart det arbeidd aktivt inn mot Stord kommune, fylkeskommunen og vegvesenet for å få støtte til søknaden. Desse har heile tida vore positive til søknaden og gjort eit godt arbeid for å få fremja den for Stortinget før nyttår.

I dag 22.11.2012 har Stortinget godkjent at det kan krevjast inn bompengar på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem i to år til frå årsskiftet. Ein reknar med at det kjem inn vel 40 mill. i bompengar på desse to åra. I tillegg har Hordaland fylkeskommune sett av ein del midlar som og skal brukast på prosjektet. Midtfjellet Vindkraft AS har alt forskottert det som skulle til for å få utvida vegen mellom Fitjar sentrum og Rimbareid.

No kan alle som brukar vegen mellom Fitjar og Sagvåg gle seg over at fleire av flaskehalsane langst denne vegen vert utvida om ikkje lenge. Dersom ein ikkje no hadde fått godkjent å forlenga bompengeinnkrevinga på ferja, er det ikkje godt å sei kva tid denne vegen ville fått midlar til opprusting. Det er svært mykje dårleg veg i Hordaland og hard kamp om fylkesvegmidlane.

Det er ikkje ofte det er ei sak som gjeld Fitjar på ein slik særskild måte er oppe til behandling i Stortinget. Saka har òg mykje lokalt innslag i samband med behandlinga på Stortinget med Knut Arild Hareide (KrF) som leiar i transportkomiteen, Magne Rommetveit (AP) som saksordførar og Øyvind Halleraker (H) som medlem i komiteen.

Harald Rydland var på Stortinget i anna ærend i går 21.11.12 og fekk då gje Knut Arild Hareide dei siste gode argumenta om saka, før den skulle opp til endeleg vedtak.

where to get steroids