Fitjar Festivalforeining hadde årsmøte den 3. desember. Rekneskapen viste for 2012 eit overskot på kr. 282.067,- . No deler dei ut pengar til dugnadsgjengen.

– I tråd med vedtektene slutta årsmøte seg til at kr. 185.100 kan delast ut til lag og organsisasjonar for dugnadsinnsatsen som er lagt ned. Sidan dette er første året festivalen har hatt høve til å dela ut pengar til medlemene, vert alle dugnadstimane frå 2010 og fram til no tekne med i oppgjeret. 

På årsmøtet vart det òg gjort nokre utskiftingar i styret. Gunn Evy Henriksen og Harald Rydland takka nei til attval etter å ha vore med i styret sidan starten for tre år sidan. Ann-Sofie (Pia) Drønen vart vald til ny leiar. Sissel Jørgensen, Turid Marie Lambach Fitjar og Geirmund Aga vart valde til nye styremedlemer. Frå før sit Hildegunn Strand og Ivar Hovland som vert med vidare.  
 
Elles gjekk årsmøtet for seg i rolege former, og det let til at medlemene var vel nøgde med festvalarbeidet så langt, skriv avgåande leiar Harald Rydland i ei pressemelding.