Kultursjef Bente Bjelland minner om at det hastar med å søkje kulturmidlar for lag og organisasjonar. Fristen går ut førstkomande fredag.

– Alle lag og organisasjonar som er aktive, har eit ideelt føremål og ordna rekneskapsforhold kan søkja. Det er ikkje så mange som har søkt enno, så det er gode sjansar til å få gode midlar, seier Bjelland. 

Ta kontakt med Bjelland på tlf. 53 45 85 00 eller på e-post: bente.bjelland@fitjar.kommune.no

Kultursjefen minner òg om framlegg til Næringspris og Kulturpris. Til Kulturprisen er det kome ein del framlegg, men til Næringsprisen svært få.