Bålet på peisen brann godt då mange sette seg for å nyte ein god frukost.

Mange barnefamiliar og andre var til stades på Øvrebygda bedehus då Karen Elisabet Rydland Sæbø ønskte velkommen. Det første adventsljoset vart tent og julebodskapen vart formidla med ord og tonar og bilete. Stjerna over stallen i Betlehem stod lenge og lyste på storskjermen. Born og vaksne kosa seg i lag denne fine vintermorgonen. Me kan vel berre innrømme at eit vakkert snølandskap er med og framhevar ei god, ytre stemning i adventstida. Born frå Tysdagsklubben deltok med songen Eg vil fryde meg, eg vil glede meg i deg. Det vart og tid til ein songkonkurranse. Dei borna som visste at foreldra hadde planlagt aketur hasta nok ut. Snøen må nytast og nyttast med ein gong.

Ein triveleg føremiddag vart avslutta med songen Eg er trygg hos deg, eg får be til deg, min Herre, min Gud.