Storferjene som skal gå mellom Halhjem og Sandvikvåg passar ikkje med kaiene. – Tabbe, vedgår Vegvesenet. Det er bygd fem nye gassferjer til 1,2 milliardar kroner og fire nye ferjekaier til 280 millionar kroner i Hordaland og Rogaland. Tre veker før ferjene skal vera i trafikk, er status at ferjene og ferjekaiene ikkje passar saman, skriv bt.no.

– Me får ferjene våre inn, men me meiner det er for små marginar mellom ferja og bruarrangementet. Me treng ein større buffer, slik at båten er i stand til å tåla bevegelse, forklarer viseadministrerande direktør i Fjord 1, Svein Solheim, til bt.no.

Nokon har gjort ein tabbe
Det er Statens vegvesen som har ansvar for kaien, og prosjektleiar Rune Sandven, i Statens Vegvesen, seier at partane , Statens Vegvesen og reiarlaget Fjord1, er samde om å finna ei løysing no og heller ta krangelen seinare.
– Men det lar seg ikkje skjula at nokon har gjort ein tabbe, vedgår Sandven til slutt.

- Annonse -