I går kom me over ein flott hoggorm som låg og slappa av i vegkanten oppe ved Olstjødno.

Det var ein rugg av ein orm – etter vårt ringe skjøn ei ho – som låg og dorma i vegkanten. Då me nærma oss, viste den ingen teikn verken til å stikka av eller til å gå til angrep. Dei modigaste av oss tar gjerne hoggormen i halen, men det er for dei tøffaste gutane. Etter at me hadde helsa på kvarandre på ganske nært hald, tusla hoggormen inn i lyngen, utan eit ord.

Før i tida enda eit slikt møte gjerne med ein kamp på liv og død. Som barn var me lærte opp til å ta knekken på hoggormen, og gjekk laus på stakkaren med steinar og stokkar eller kva me elles måtte ha for handa. Kjeltringen var livsfarleg, og det gjaldt å knekka nakken på han, kosta kva det kosta ville!

Som tør vera kjent for dei fleste, er det ikkje slik lenger. Hoggormen er freda; det er ikkje lov å gjera han noko vondt, for han er ein truga dyreart. Derfor lar me altså hoggormen vera i fred. Men at arten er i ferd med å blir utrydda, ser me ingen teikn til her på øya. Trass i den kalde ettervinteren ser det ut til at hoggormen har klart seg fint, og me har mange rapportar frå folk som har møtt på hoggorm i skog og mark i år.

Hoggormen er ikkje livsfarleg, slik me blei fortalt i hine hårde dagar. Faktisk er det sjeldan at nokon misser livet av hoggormstikk. Det er ikkje farlegare enn eit vepsestikk, seier dei som har greie på det.  Men det kan jo vera ekkelt nok, så det gjeld å passa seg.

Meir om hoggormen kan du lesa til dømes i Nettavisen eller i nettavisa til Bergens Tidende.