Bakken barnehage har hatt påskevandring i kyrkja, og med sin rapport derifrå ynskjer små og store i barnehagen Fitjarposten sine lesarar god påske!

Styrar Torunn Aarskog i Bakken barnehage har sendt oss ein del bilete og skriv fylgjande om påskevandringa dei hadde i Fitjar kyrkje:

«Me gjekk frå stasjon til stasjon og fekk høyra og oppleva påskeforteljinga frå palmesøndag med inntoget i Jerusalem, skjærtorsdag med fotvasking og påskemåltid og langfredag med Getsemane. Påskedag høyrde me om då me sto framme i kyrkja ved lysgloben. Vi song mange flotte, nye påskesongar me hadde lært, og dei som ville fekk tenna lys!»

Torunn ynskjer og å minna om at barnehagen no har fått si eiga heimeside på internett: www.bakken.barnehage.no. Her er det både opne og passordbeskytta sider. Velkommen til å ta ein titt!

Klikk på bileta for å sjå dei i større format.