Fitjar sokneråd sin barnehage og sokneprest Olav J.Oma arrangerte påskevandring i kyrkja før påske.

Barnehage-ungane fekk vera med på ei påskevandring.
Vi stoppa først ved den tomma krybba: Jesus vaks opp og blei ein vaksen mann. Vi hugsa noko av det Jesus gjorde: Jesus ville vera ven med tollaren Sakkeus, Jesus stilla stormen då læresveinane var redde, og han helbreda den blinde Bartimeus.
Så skulle dei feira påske i Jerusalem. Jødane feira påske for at Gud hadde ført israelsfolket ut frå Egypt.
Palmesøndag: Jesus rir inn i Jerusalem. Skjærtorsdag: Jesus vasker lærsveinane sine føter, og dei et påskemåltid i saman. Langfredag: Jesus døyr. 1.påskedag: Jesus lever!