Påska er for lengst over. Det er nesten synd når ein ser det flotte skiføret i Stordafjellet. Påskeferie kunne kome godt med no, for å nyta den finaste påskesnøen du kan tenkja deg.

Fossabrekko har alltid vore eit helseslit, men allereie etter 20 minutt med skiene på nakken kunne me ta dei på oss. I Kvelve er det store mengder med snø – kan nesten tru den vil liggja til hausten.

Me hadde tenkt å ta turen til Mehammarsåto, men då me kom eit stykke nordover Store Tjødnadalen, blei det litt for tynt med snø. Då måtte me ha bore skiene mellom snøfonnene. Men bileta viser nok at det var draumestemning i fjellet i dag. Berre så synd at nesten ingen hadde høve til å nyta den.