Over 90 fitjarbuar var med på ein kjekk, men våt kyrkjelydstur til skiparadiset Myrkdalen første helga i april.

Lite er nok, var tema for helga, men dette var langt frå ei gjennomgåande sanning. I matvegen stemde det ikkje. Her gjekk ein til duk og dekka bord, og i møtet med bordets gleder og i takksemd for å sleppa å rydda og vaska opp etterpå var det vanskeleg å begrensa seg. Som turleiar, og soknerådsleiar Roald Drønen sa, med slike måltid er berre mykje nok.

Noko anna det var mykje av var snø. Vel var den både tung og våt, men godt dugande for oss kystfolk som ikkje er så godt vane med den slags. Regn og ruskevêr la ingen dempar på aktiviteten verken i skibakken, akebakken eller langrennssporet. Det vart likevel litt meir tid enn det har vore dei andre åra til spel og andre sosiale inne-aktivitetar mot slutten av dagane.

Dette var den 6. kyrkjelydsturen til indremisjonen sitt fjellpensjonat Helgatun i Myrkdalen, nokre mil ovanfor Voss. Turane har tidlegare alltid vore lagt til første helga etter påske. Folk har stått i kø for å få vera med og deltakarane har stort sett vore bortskjemde med svært fint påskevêr. Sidan påska er så sein i år vart turen denne gongen lagt til to veker før påske, dvs 1.-3. april. Det vart heilt fullt dette året og, men alle som ynskte det fekk heldigvis plass, opplyser kyrkjekontoret.

Aldersspennet på turdeltakarane var stort, frå null til opp mot 60 år, og alle såg ut til å trivast like godt. Men om lite eller mykje søvn er nok, det vil nok aldri dei ulike generasjonane einast om.

Søndag føremiddag fekk turdeltakarane så vidt oppleva smaken av påskesol på høgfjellet. Solkremen og solbrillene vart tekne fram og med det la nokre ut på topptur og kom ganske så oppglødde attende. Andre overtalte foreldra til å spandera på dei nok ein dag i alpinbakken, medan andre igjen nytta seg av det gratis ski-bandet i alpinanlegget eller ein tur i lysløypa eller opp til setrane for å få ein luftig og spennande nedtur.

Lite er nok for Jesus, var Roald Drønen si overskrift på familiegudstenesta som vart feira søndag føremiddag. På den deltok og eit vidt spekter av dei som var med på turen, frå barne- og ungdomskor via soloinnslag ved Ingvild M. Oma til vaksenkor. Roald si eine chips-skål vart tom, og det var ingen restar å samla saman, slik det var for læresveinane då Jesus velsigna to brød og fem små fiskar og metta over 5000 menneske med det.

På ferjeturen heim var det mange kjekke, spennande, merkelege, fine og utfordrande opplevingar å snakka om. Kjekt hadde det uansett vore, og mange ville retta ei stor takk til Roald Drønen, som må seiast å vera primus motor for desse turane, og sjølvsagt og Karen Elisabet Rydland Sæbø som hjalp han i komiteen i år.

Neste kyrkjelydstur til Helgatun er 13.-15. april 2012. Det er ikkje opna for påmelding enno, men det kan vera verd å merka seg datoen.

Bileta i margen vert større om du klikkar på dei.