Etter den mest snøfattige vinteren i manns minne, kom endeleg snøen i påskehelga. På Sæterbø var forholda strålande, spesielt for dei minste, og mange barnefamiliar fann vegen opp 2. påskedag.

Stemninga på Sæterbø 2. påskedag var nesten som i gamle dagar. Parkeringsplassen var full av bilar, og eit par hundre menneske fann vegen opp på dei snøkledde bakkane.

Forholda var strålande for store og små. Spesielt dei små på akebrett hadde ein hektisk dag. Hoppet til Dan Torbjørnsen gjorde stor lykke. Der var det hoppkonkurranse i timevis. Elles boltra store og små seg på ski og akebrett rundt om på bakkane heile dagen.