Norsk luthersk misjonssamband arrangerer påskemøter på Fitjar bedehus i år. Første møtekveld var det full sal og flott song av jentegruppa Liljene.

NLM står for tre møter i påskeveka: Skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag. Desse møta har lang tradisjon og går på omgang mellom organisasjonane som høyrer til på huset. Talar på dei to første møta var Kjell Haaland. På det første møtet var over 80 menneske i ulike aldrar samla om skjærtorsdagbodskapen. Talaren la vekt på hendinga under påskemåltidet då Jesus vaska føtene til læresveinane, og den unge songgruppa Liljene deltok med flotte fleirstemte songar som passa til temaet. Etter møtet var det nattverdsmøte i regi av nattverdsgruppa på bedehuset.  

Årets siste påskemøte, då med Georg Mork som taler, vert 1. påskedag klokka 19.00.