Det vert møte på Fitjar bedehus både Skjærtorsdag, Langfredag og 1. Påskedag. Alle møta startar kl. 19.30.

Skjærtorsdag vert det nattverdsmøte, leia av Ingebrigt Sørfonn. Langfredag talar Liv Rolfsnes, og det vert song av Kjell Haukefær og Lars K. Vik.

Liv Rolfsnes talar òg 1. påskedag. Guro Rimmereid, Ingvild Prestbø og Silje Rydland syng.