Handballjentene våre i Holstebro har hatt ei fin påskehelg så langt. Langfredag har dei spela 3 kampar og vist stor framgang, melder trenar Bengt Monry Olsen. Med eitt tap, ein uavgjort og ein siger i puljespelet blir det B-sluttspel påskeafta.
I første kampen kl. 07.40 langfredag morgon blei det tap 12-17 for Bjerringbo FH. Jentenevar rett og slett ikkje vakne så tidleg på morgonen. I kamp nummer to var dei på hugget og leidde mesteparten av kampen. Ved kampslutt låg dei under med eitt mål, men Martine Hareide scora på direkte frikast. Og jubelen stod i taket, etter 12-12 mot Mejdal GIK 2.

I siste kampen fortsette framgangen; den enda med siger 14-8 mot tyske SG Dalü 2. Dermed blir det B-sluttspel i morgon, fortel Bengt Monry Olsen. Heile laget storkosar seg i Holstebro, og har fått tid til gokart og bowling i tillegg til handball.