Fitjar søndagsskule avslutta påskeferien med ei uformell samling ute i det fri, der små og store koste seg med grilling, koking av egg på bål og mykje kjekk leik.

Koking av påskeegg andre påskedag har etter kvart vorte ein kjekk tradisjon for søndagsskulen. Pga. arbeidet i Breiavikjo, der desse samlingane brukar vera, var dei denne 10. gongen samla på eit beite på Rimbareid. Det såg ut til å fungera fint det og. Egg vart kokt saman med løkskal slik at dei fekk fin påskegul farge utanpå, men smakte akkurat som vanleg. Pølser vart grilla og leiken og praten gjekk av seg sjølv. Det var mykje å finna på for dei små i skogen og på beitet, og det var til og med ei lita elv å bli blaut på beina i for dei som meinte det høyrde med på ein slik tur. På modellflyplassen like ved var det og aktivitet til stor glede for dei med interesse for fly.

Mange søndagsskulegåarar hadde teke med seg både slekt og vener, og heile tre generasjonar var samla med eit aldersspenn frå 1 veke til over 70 år. Nokre heldt seg aktive med kubbespel, såpebobleblåsing, volleyballspeling, klatring og andre leiker. Mellom to tre i skogholtet var det strekt opp ei slak line. Dette var ei  ny erfaring som mange av dei litt eldre ungane og ungdomane prøvde seg på. Medan folk pakka saman sakene sine og snudde nasa heimover, var det og nokre vaksne bortom lina ein snartur og fekk konstatert at balansen var langt dårlegare enn forventa.

Gjengen med små og store som sat igjen til slutt og såg bålet brenna ned, syntes det hadde vore ein veldig kjekk dag, og det hadde vore like kjekt her som å vera i Breiavikjo, men dei var ikkje heilt fornøgd med mødrene, og fedrane, som ikkje hadde teke marshmellows med til dei. Neste år må søndagsskulen kjøpa inn nokre posar, meinte dei, og tar det som sjølvsagt at 2. påskedag 2012 skal dei igjen på tur med søndagsskulen for å koka gule påskeegg og grilla, og dei er overbevist om at det vert like fint ver då som no. Det er alltid fint ver på andre påskedag.

Søndagsskulen ynskjer å takka grunneigar Lars Ove Rimmereid for at han tok imot den store flokken på over 70 små og store på sin eigedom, og vil samstundes minna om at dette ikkje var ein avsluttingstur. Førstkomande søndag er det familiegudsteneste i kyrkja, og då er det ikkje søndagsskule, men så vert det vanleg søndagsskule 8. og 15. mai før det vert avslutting med sommartur 22. mai.