Påska sin glade bodskap vart feira med høgtidsgudsteneste med mykje flott song i Fitjar kyrkje 1. påskedag.

Små og store fylte kyrkja og samla seg i benkane medan kyrkjeklokkene kima like før klokka 11. Bam bam-bam-bam bam, lydde det frå galleriet før høgtidskoret med utspring frå kyrkjelydsturen til Myrkdalen stemde i Som den gylne sol frembryter. Med det var gledesstemninga satt.

Det stod mange flotte, og lett songbare påskesalmar, i programmet. Ein aktiv kyrkjelyd, inkludert ein god del påskegjester, løfta lovsongen med sine røyster og deltok aktivt i liturgien. Dei fleste tok og del i nattverdsmåltidet.

Både kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og sokneprest Olav Johannes Oma deltok under gudstenesta. Soknepresten stod for preika og var den som fekk forsamlinga til å bryta ut i jubelropet: Jesus er oppstaden – Ja, han er sanneleg oppstaden!

Det tidlegare nemnde høgtidskoret avslutta gudstenesta med den mektige songen Se denne mann, med Tom Rydland som solist. Songen tydeleggjorde heile påska for kyrkjelyden ved å peika på den mannen som først vart håna, spotta og forlatt, som var kjend med sjukdom og smerte, som leid og tok vår straff og med sine sår har gjeve oss legedom. Både kor og forsamling strålte under det siste verset:

Se denne mann! Sitter ved Faderens høyre hånd.
Evig skal han regjere, kronet med ære og herlighet.
Se denne mann! Kongenes konge, himmelens Gud.
Hør det all verden! Jesus Kristus er Herre!

Gode strofer å ta med seg vidare, både i fest og kvardag.