2. påskedag var søndagsskulen på Fitjar samla til koking av påskeegg og grilling i Breiavikjo.

Små og store såg ut til å storkosa seg ute i det flotte veret, og snøen førde med seg nye aktivitetar på den ellers så tradisjonelle påskeeggturen. Nytt av året var snøborgbygging og snøballkrig. Ballar, hoppetau og pinnespel var bytta ut med akebrett, ski og snøballar. Alle snøaktivitetane var med å halda ungane vekke frå vatnet, og me trur det må vera første gong at ingen ungar trong køyrast heim for fult klesskift etter eit ufrivillig og kaldt bad.

Det måtte fyrast opp tre bål når opp mot 60 menneske skulle laga middag ute. Eit bål for koking av egg, to bål for grilling m.m. i tillegg til stormkjøken. Reine gourmetmåltid som var trylla fram, og mange ulilke rettar stod på menyen: kokt egg, grilla pølser, hamburgarar, eggerøre, steikt bacon, ostesmørbrød på bål, pinnebrød, suppe, dessertbanan med smelta sjokolade, popcorn poppa på bål, kanelpinnebrød, marshmallows m.m. Me trur alle vart godt mette.

Timane sprang avgårde. Leiken gjekk av seg sjølv, og det gjorde praten og. Kven som vant snøballkrigen veit me ikkje, men det viktigaste var kanskje å delta eller å få ein fulltreffar. Nokre vart såra, men heldigvis ikkje alvorleg.

For ein del var det eit høgdepunkt å få besøk av ein journalist frå Sunnhordland, og mange flokka seg rundt henne. Kanskje nokre og vil gle seg over ein enkel reportasje på Fitjarposten…