Påske i Estland skil seg heilt frå det me er vane med heime. Det er ikkje uvanleg at kvikksølvsøyla kryp under 20 minusgrader på denne årstida. Isbrytarar jobbar febrilsk med å halda sjøvegen inn til Tallinn isfri, og snømåking er ein av dei viktigaste syslane i kvardagen. Men i år er det ikkje slik. Klimaendringane ser og ut til å ha nådd dei baltiske statane. Det har vore ein mild og nesten snøfri vinter, og nett no ligg temperaturen rundt 0 grader og helst litt over. Men ein isande kald vind gjer det utriveleg å vera ute, og me benkar oss helst framfor PCen for å lesa nytt heimanfrå eller framfor fjernsynet med ein god film.

Men det kan ikkje estarane. Dei har ikkje lang påskeferie, slik norske lærarar har, og må ut i den kalde vintermorgonen for å koma seg på jobb. Etter kvart har det vorte vanleg at skulane tek fri i påskeveka, men for dei fleste er ikkje den veka annleis enn andre veker. Korkje skjærtorsdag eller 2. påskedag er fridag, og sjølve påskehelga vert berre som ei langhelg å rekna. Matvarebutikkane (og mange andre butikkar) er jamvel opne langfredag og 1. påskedag, og det er ikkje rare påskekjensla me får når me traskar rundt i Tallinn.

Heldigvis er det noko som minner oss om kvifor me feirar påske. Kyrkja har tronge vilkår og opplever dårleg tilslutnad, men på dei store høgtidsdagane finn mange vegen dit, nett som heime. I Estland er 11.00 sjeldan starttidspunktet for gudstenestene, og den store høgtidsgudstenesta finn anten stad seint påskeafta eller grytidleg påskedagsmorgon.

Sjølv om Estland er nesten heilt flatt og har ein heilt annleis topografi enn Noreg, er her mykje vakkert å sjå, ikkje minst om ein gjev seg tid til å farta litt rundt. Då vil ein og få med seg mykje kunnskap om eit land og folk, som har ofra mykje for den fridomen som no er vunnen.

Etter at Estland i 1991 igjen vann sjølvstende, og russarane trekte seg ut, har optimisme og ekte nasjonal sjølvkjensle prega folket. Landet kom med i EU i 2004 og har positive erfaringar så langt, som eitt av landa i Europa med sterkast økonomisk vekst dei siste fire åra. Men ikkje alle har fått teke del i dette, for prisstiginga er noko større enn lønsauken for folk flest.

Tallinn, hovudstaden i Estland, er ein strålande vakker hansaby med ei rik og spanande historie. Her finn me spor frå den rike svensketida på 1600-talet, mange vakre bygningar frå sist Estland var ein sjølvstendig stat og fleire dystre påminningar om ei lang okkupasjonstid.

Tallinn skal vera Europeisk kulturhovudstad i 2011 og er verkeleg ein kulturby av dimensjonar. Byen kan presentera eit blømande musikk- og teaterliv, og den kunstinteresserte har mykje å velja mellom. Gamlebyen i Tallinn er ei perle. Her er ei blanding av handel og yrande folkeliv, stille og tronge smågater, flotte restaurantar og små kafear. Mange populære turistattraksjonar kan lett nåast på eit par minuttar frå den fine og opne Rådhusplassen, midt i Gamlebyen, der turistane særleg samlar seg.

Tallinn har det siste tiåret blitt eit populært reisemål, også for mange nordmenn. Ikkje minst har direkterutene til billigflyselskapa gjort det enkelt for reiseglade å ta ei langhelg her. Likevel er norske turistar sjeldan vare før me kjem til mai, og denne påskehelga har eg nesten ikkje høyrt norsk mål i Tallinn. Men er det så rart eigentleg? Kven vil vel gå hutrande mellom husnovene i Tallinn når ein kan slikka sol attmed hytteveggen heime? Eller kven vil byta ut dei lange skiturane i fjellet eller dagane i alpinanlegga heime mot ein svipptur på 20 sekundar ned frå Suur Munamägi, høgste toppen i Estland (318 m.o.h.)? Jo, eg vil.