Med Åsne Kvamme og Eli Johanne Rønnekleiv på song, og Tone Heidi på orgel, inviterer Fitjar sokneråd til pasjonskonsert i kyrkja, førstkomande torsdag.

Konserten er skriven for to kvinnestemmer og orgel, og me får høyre barokkstykket "Stabat Mater" av Pergolesi,  samt  "Jesu sju ord på korset" av Kjell Mørk Karlsen. 

Eli Johanne Rønnekleiv har gledd oss mange gongar før, både med song og orgelspel. Tone Heide bur på Stord, mens Åsne Kvamme til vanleg har bustadsadresse i Bergen.