Kledd i treningskle og joggesko og med drikkeflaske i handa var 30 spente kulturskuleelevar klar for nye, ukjende utfordringar i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag før vinterferien.

Kjekt, men slitsamt, strålte ein gjeng sveitte 6. klassingar då dei kom ut frå gymnastikksalen etter ein og ein halv time med intens parkour-trening.

Parkour handlar om å flytta seg frå ein stad til ein annan på den mest effektive måten. Til det trengs det både kondisjon, styrke, balanse, bevegelighet og mot. Alt dette fekk kulturskuleelevane, som bytta ut si vanlege undervising til fordel for parkour-prosjektdagen, trening i. Instruktør var Gareth Whittaker frå England, som no bur på Stord og underviser i Parkour i kulturskulen der. Gareth er gift med norske Jorunn G. Whittaker som underviser i dans i kulturskulen på Fitjar, og han klarde å gjera seg godt forstått på norsk.

Det var kulturskulen på Fitjar som inviterte til parkour. Prosjektdag-tilbodet vart gjeve til alle instrumentalelevane i kulturskulen som går i 6., 7., 9. og 10. klasse. 30 elevar takka ja, og var fordelt på tre grupper. Nokre av dei tøffaste 7. klassingane synte noko av det dei hadde øvd på under kulturskulekonserten som var i gymnastikksalen same kveld. På denne konserten deltok og minifløyte-elevar frå Øvrebygda skule og elevar på piano, song og fløyte.

Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen, som til stor jubel frå publikum tok eit par «stunt» på konserten, var godt nøgd med dagen. Ho meiner det er viktig at elevane får oppleva andre kulturuttrykk, og hadde inntrykk av at elevane syns dette var kjekt.

Instruktør Garath var og godt nøgd med prosjektgjennomføringa. Han sa etterpå at han opplevde elevane som posititve og ivrige, og at han godt kan tenkja seg å koma attende til Fitjar. Då instruktøren synte nokre av sine kunster under konserten, gjekk det eit stort «gisp» gjennom salen, og ein skal ikkje sjå vekk frå at nokre av dei frammøtte vil nytta seg av retten til å søkja seg plass på parkour i Stord kulturskule.