For å prøve å skape betre parkeringsmiljø har ein no sett opp skilt nord for Videoen. Som ein ser av biletet er det kome opp eit forbodsskilt på veggen til venstre, og eit skilt med ordlyden: "Kundeparkering" til høgre. Så er det berre å vona at folk vil rette seg etter dette, slik at bilar som skal inn og ut denne vegen, ikkje vert hindra i det.