– Det ikkje realistisk at me er i stand til å ta i mot ei slik etablering i Fitjar innanfor den korte tida me snakkar om. Difor er det betre at me stør Kvinnherad.

Panasonic, Equinor og Hydro har nyleg inngått eit strategisk samarbeid for å undersøka moglegheitene for ei bærekraftig og kostnadseffektiv europeisk batteriverksemd i Noreg. I den samanheng har dei bedt norske kommunar om framlegg til aktuelle tomtar, men stiller ei rekke krav til lokaliteten. Blant anna:

  • Tomten bør vera rundt 400 daa for første fase, med moglegheit for utviding til rundt 1000 daa.
  • Tomten bør vera byggeklar til 2023, og vera egna for store industribygg. Typisk bygningsmasse er ca 200.000 m2 og ca 20 meter høg.
  • Treng elektrisk kraft, på 100 MW i fase 1, med seinare moglegheit for ekspansjon med ytterlegare 200MW
  • Infrastruktur til transport, og nærleik til flyplass
  • Mobilisering av driftsbemanning på rundt 2000 personar direkte tilsette i første dase. Hovudsakleg faglærte operatørar, og personell med høgskule/universitetsutdanning
  • Infrastruktur og lokale tenester til arbeidsstyrken
  • Ein antar oppstart av fabrikken i 2025

Fitjar stør Kvinnherad

Me spør ordførar Harald Rydland om Fitjar vil hiva seg inn kampen om fabrikken.

– Etter samtalar med resten av formannskapet har me konkludert med at me ikkje treff dei kriteria Panasonic, Equinor og Hydro spør etter. Det er ikkje småtteri, og slik sett er det ikkje realistisk at me er i stand til å ta i mot ei slik etablering i Fitjar innanfor den korte tida det er snakk om. 

Ein kommune som derimot treff på ei rekke av kriteria er Kvinnherad, men dei har ikkje 2000 personar klare til å jobba på fabrikken.

– Slik me i formannskapet ser på saka er det gunstig at Fitjar, og dei andre kommunane i Sunnhordland, stør Kvinnherad i kampen om plassering. Om dei skulle nå opp, er det mogleg å jobba for gode pendleruter og sikra desse arbeidsplassane til Sunnhordland, fortel Rydland.  

– Me får håpa Kvinnherad kjem til finalen og vinn. Ei slik etablering vil utan tvil ha positive effektar for ein heile Sunnhordlandsregionen, avsluttar Rydland.