Pål Haugen Lillefosse blir gratulert med EM-gull etter å ha gått over 5,41 i stavsprang i fjor sommar. Skjermdump: Eurosport.

I dag gjekk fitjarætlingen Pål Haugen Lillefosse frå Sandsli i Bergen heilt til topps i stavsprang under innandørs-NM i friidrett.

Meisterskapet gjekk av stabelen i Bærums idrettspark denne helga. Under dagens stavsprangkonkurranse var Lillefosse heilt suveren, og vann med det sterke resultatet 5,65. Det var heile 45 cm høgare enn nummer to, klubbkameraten Eirik Greibrokk Dolve frå Fana IL.

Vår mann med den lange svolken fekk opp vinnarresultatet i andre forsøk. Deretter reiv han tre gonger på 5,74, som er 3 cm over Trond Barthel sin 21 år gamle innandørsrekord på 5,71. Den norske rekorden i stavsprang utandørs tilhøyrer Sondre Guttormsen, som gjekk over 5,80 i fjor sommar.

Me ventar i spenning på neste sprell frå den talentfulle stavhopparen, og må vedgå at me gler oss litt ekstra sidan han har sterke band til Fitjar. Faren heiter Arne Lillefosse og er vaksen opp her i bygda. Og bestefaren, Peder Lillefosse, var eit av dei største idrettstalenta Fitjar nokon gong har hatt.