Tekstilane i Årskog museum har ikkje hatt det godt i det siste. No vert dei pakka ned for at dei ikkje skal bli øydelagde av fukt.

Samlingsforvaltar i KODE (Kunstmusea i Bergen) Laila Lundberg Søreide, som òg var med på pakkinga, seier til fitjarposten.no at det verkeleg var på høg tid at det vart gjort noko med dette. – Det er veldig bra at desse tinga no får det litt betre enn dei har hatt det. Det handlar om å ta vare på ting og gje dei litt lengre levetid, understrekar ho.

Kultursjef Bente Bjelland fortel at Sunnhordland Museum no skal byggje nye hyller slik at dei passar til dei standard museums-eskene. Dei skal òg byta om dei to magasina, slik at tekstilane kjem inn i det tørraste rommet. Det skal vidare kalkast med spesialkalk i rårommet slik at fukt ikkje så lett treng igjennom, og det skal installerast ein spesial luftavfuktar for museum, seier Bjelland.

Ho presiserer at me òg må få med at ho er svært takknemleg for at ho fekk hjelp av Fitjar Husflidslag til å få gjort denne jobben.

Eskene som dei gamle, verdfulle tekstilane vart pakka ned i, vart merkte med museumsnummer, og med kva som ligg oppi. Slik vil det vere enkelt å finne tilbake til dei seinare.