Fem barnevernsborn som rømte frå Bergen i 9:30-tida i dag, vart tekne på Fitjar nokre timar seinare.

-Politiet hadde fire patruljar som leita etter dei, og kl. 11:45 vart dei pågripne ved Øvrebygda bedehus. Dei hadde då sett i frå seg bilen dei stakk av i og gjekk til fots.

Ungdomane vart transportert tilbake til Bergen etter at dei hadde hatt ein tur innom Stord lensmannskontor, opplyser operasjonsleiar Bjørn Asgeir Alvseike ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Les meir på www.sunnhordland.no