I helga var ein gjeng hardhausar samla på Lambatøkje, der Sunnhordland Padleklubb arrangerte sitt fyrste skikkelige padlekurs.

Kurset gjekk over 16 timer fordelt på laurdag og sundag, og svarar til Våtkort. Dette er det fyrste steget på Norsk Padleforbund sin kursstige, og eit slikt nybegynnarkurs er lurt å ha for alle som ynskjer å driva med padling.

Deltakarane på kurset var frå Tysnes, Stord, Fitjar og Danmark (!). Her var både folk som padla for fyrste gong, og folk som hadde padla i mange år. Joanna Bauer var instruktør. Ho er opprinneleg tysk men er busett i Bergen/London.

Deltakarane hadde mykje pensum dei skulle gjennom, og kurset bestod av både teori, og praktisk gjennomføring. Det var først og fremst effektiv manøvrering av kajakken og ulike redningsteknikkar og generelle tryggleiksregler som vart lærte. Joanna rettleia med smittande entusiasme og innleving i kanting, framdriftstak, telemarksving, sveipetak, bakoverpadling, sidevegs forskyving ….for mykje å nemne her. Dei fleste vart overraska over kor fint ein kan styre kajakken utan roret som i fylgje Joanna er i vegen for å lære og bruke god padleteknikk.

Så var det redningsteknikkar med sjølvredning og kameratredning. Desse teknikkane vart det mykje praktisk øving på med ein gong ivrige elever starta med kanting av kajakkane. Her vart grenser tøygde …..og sprengde, og det enda ofte på hovudet i sjøen. Men redningsaksjonane gjekk veldig fint og ingen vart skremde av det dei fekk prøve.

Det å gå overraskande rundt, hamne i kald sjø og kome seg opp i kajakken igjen i trygge omgjevnadar er ei erfaring som er god å ha med seg den dagen det eventuelt hender ute på tur.

Trass i svært dårlege meldingar vart været godt brukande medan kurset vart halde, sjølv om det var surt både på førehand og etterpå. Sundagen blei det og ein lengre padletur i dei nærast Fitjarøyane, med innlagt lunsjpause og øvingar undervegs. På turen var det mykje vellæta å høyra om øyane og kor fint det er å padle her. Fitjarøyane viste seg frå ei veldig fin side under turen med ein god del sol, stilt og fint.

Vel tilbake på Lambatøkje fekk vi høyre litt om hypotermi eller nedkjøling som er den største trusselen for padlarar. Og så var kurset over, alle var veldig nøgde med både kurset og seg sjølve.

Deltakarane fekk mange aha-opplevingar og erfaringar under vegs, mange sprengde eigne grenser og alle fekk ”bestått” og Våtkort frå Padleforbundet ligg snart i postkassen.

Me håper at mange andre og oppdagar kor kjekt det er å padla, det er plass til fleire både i Fitjarøyane og i Sunnhordland Padleklubb.

Sjå og nettsida vår; www.sunnpadling.com.