Sundag 15. juni arrangerte ein gjeng frå Sunnhordland Padleklubb aktivitetsdag på Smedholmen.

Ein gjeng kom ut allereie laurdagen, og overnatta på Smedholmen, både i telt, lavvo og båtar. Klubben transporterte ut rundt 20 kajakkar av ulike typar, både barnekajakkar og kajakkar for ungdommar og vaksne. Frå Grønavikjo gjekk det båtskyss om sundagen, for dei som ikkje hadde eigen båt.

Ypparleg plass
Smedholmen er ein ypparleg plass for eit arrangement som dette. Her er det plass til både små og større båtar, bakkar til å setja opp telt og lavvo på og ei lun vik som var skjerma for nordavinden.

Enkelte ungar hadde gleda seg sidan i fjor til padledagen, og andre skulle endelig få prøva seg for fyrste gong. Til og med ungar under skulealder klarte seg heilt fint i ein barnekajakk, og me såg mange ivrige ungar som tok seg fleire turar i kajakken. Ein del vaksne prøvde og å padla for fyrste gong, og det såg ikkje ut til at nokon vart skremde. Ein mannleg fyrstegongspadlar i 40-åra kommenterte: «Dette var mykje vanskelegare enn det såg ut som». Litt seinare sa han at han ville prøva padling igjen, men då måtte det vera litt varmare i vatnet. Klubben sine medlemmer delte imidlertid av sin kunnskap med dei uerfarne nybegynnarane, og under slike trygge forhold var det greitt å prøva padlesporten. Ein av deltakarane gjekk rundt, men det såg ikkje ut til at han tok skrekken han heller.

Natursti og kurs
På land vart det laga til ein natursti med spørsmål til ungane. Her var det mange ivrige ungar som deltok, og klubben hadde sørga for at det var premie til alle deltakarane. I to tida var grillen varm, og dei som ynskte det kunne grilla seg pølser eller anna god mat.

Det vart gjennomført eit introkurs (3 timar) for nybegynnarar denne dagen, men den planlagde guida omvisingsturen utgjekk dessverre pga sjukdom. Det vart og arrangert eit grunnkurs (16 timar) i regi av Sunnhordland Padleklubb denne helga. Denne gjengen var i aktivitet både laurdag og sundag. Deltakarane tok seg tid til ein kvil og rast på Smedholmen sundag, der dei kom til varm grill og prat med andre padleentusiastar.

Friluftsrådet Vest sponsar
Friluftsrådet Vest er med og sponsar dette arrangementet, og klubben synest dette er ein kjekk måte å presentere padling som aktivitet for store og små, samt vise fram Smedholmen og området rundt. Me kryssar fingrane for at dette arrangement blir gjennomført til neste år òg. Sunnhordland Padleklubb takkar alle som kom og gjorde dette til ein så flott dag, og minner om bloggen sunnpadling.blogspot.com og facebook sida der ein kan fylgja med på kva kurs, turar og andre arrangement som dei arrangerer.