Sundag 9. juni arrangerte ein gjeng frå Sunnhordland Padleklubb ein aktivitetsdag på Smedholmen.

Dette er 3. året ein lagar til padledag, og med sol frå skyfri himmel låg forholda til rette for at interessa for padling kunne vekkjast både blant små og store. Rundt 90 fann ut at dei ville tilbringa denne dagen på Smedholmen.
Mange kom ut allereie laurdagen, og overnatta på Smedholmen, både i telt, lavvo og båtar. Klubben transporterte ut både barnekajakkar og kajakkar for ungdommar og vaksne til Smedholmen. Frå Grønavikjo gjekk det båtskyss om sundagen, for dei som ikkje hadde eigen båt. 

Smedholmen er ein ypparleg plass for eit arrangement som dette. Her er det plass til både små og større båtar, bakkar til å setja opp telt og lavvo på og ei lun vik som er skjerma for nordavinden.

Einskilde ungar hadde gleda seg sidan i fjor til padledagen, og andre skulle endeleg få prøva seg for fyrste gong. Til og med ungar under skulealder klarte seg heilt fint i ein barnekajakk, kanskje var det foreldra på land som var mest nervøse? Ein del vaksne prøvde og å padla for fyrste gong, og det såg ikkje ut til at nokon vart skremde. Her kunne alle prøva å padle under trygge forhold og kyndig rettleiing, og skal ein døma etter smil og latter, såg det ut til at folk hadde det bra. Klubben sine medlemmer delte av sin kunnskap med dei uerfarne nybegynnarane.

På land vart det laga til ein natursti med spørsmål til ungane. Her var det mange ivrige ungar som deltok, og klubben hadde sørgt for at det var premie til alle deltakarane. I eitt-tida var grillen varm, og dei som ynskte det kunne grilla seg pølser eller annan god mat.

Eit tre timars kurs, såkalla introkurs, vart arrangert ved Smedholmen med ein gjeng ungdommar og vaksne som deltakarar. Dette er eit kjekt og lærerikt kurs for dei som ynskjer å begynne å padle, men og dei som har padla ei stund kan ha god nytte av dette nybegynnerkurset.

Ein gjeng padlarar fekk seg ein fin omvisingstur i området rundt Smedholmen. Guiden på denne turen gav padlarane litt lokal historiekunnskap på kjøpet.

Denne helga vart det og arrangert eit grunnkurs i regi av Sunnhordland Padleklubb. Dette kurset er på 16 timar, og denne gjengen var difor i aktivitet både laurdag og sundag. Deltakarane tok seg tid til ein kvil og rast på Smedholmen sundag, der dei kom til varm grill og prat med andre padleentusiastar. 

Friluftsrådet Vest er med og sponsar dette arrangementet, og sidan så mange deltok på årets padledag, satsar ein på å få eit liknande arrangement til neste år og. Sunnhordland Padleklubb takkar alle som kom og gjorde dette til ein så flott dag, og minner om at dei har ein blogg og facebook-side der ein kan fylgja med på kva kurs, turar og andre arrangement som dei arrangerer.