Sunnhordland Padleklubb minner om den årlege padledagen på Smedholmen søndag.

 Kjetil Hjelle vil gjerne minna om at søndag 15. juni blir det padling og grilling på og rundt Smedholmen. Båtskyss ut går frå Grønavikjo i Kråko kl 12.30 for dei som ikkje alt er trygt plassert i eigne kajakkar. Sjølve padledagen har start klokka 13.