Laurdag 30. juni vil Sunnhordland padleklubb gjenta fjorårs-suksessen og arrangere ein ny padledag på Smedholmen i Fitjarøyane.

Fitjar har mange aktive padlarar, men med den fantastiske skjergarden er det god plass til fleire. Med ein slik dag ynskjer klubben å visa at padling kan vera ein kjekk aktivitet både for små og store.

Det var Friluftsrådet Vest som i 2011 utfordra padleklubben til å skapa litt aktivitet på Smedholmen. Det viste seg at Smedholmen var ein flott plass til å arrangere ein slik aktivitetsdag. Her er gode forhold for små og store både på land og med lune viker med flytebryggjer.

Arrangementet startar kl 11.00 i søndre vikjo.

Friluftsrådet Vest har barnekajakkar som vil bli frakta ut til Smedholmen. Borna som fekk prøva kajakkane i fjor var iallfall svært begeistra, og sjølv 7-åringar meistra enkel padleteknikk etter berre kort introduksjon. Alle born må ha føresette med seg til Smedholmen, men desse treng sjølvsagt ikkje padle dersom dei ikkje ynskjer det. Erfarne padlarar vil hjelpa dei yngste. Hugs å ta med redningsvest, og klesbyte.

Klubben har dobbelkajakk samt nokre enkle kajakkar som ein skal frakta ut til Smedholmen slik at vaksne som ynskjer å testa padling skal få anledning til det.

Det vil bli arrangert 3 timars introkurs frå kl 13.00, som skal gi grunnleggjande padlekunnskap. Med eit slikt kurs kan ein få padleforbundet sitt våttkort, som er nødvendig dersom ein ynskjer å delta på turar i regi av klubben. Dette kurset kostar 300 kr.

Som i fjor vil det også i år bli arrangert ein «bli-kjent-i-øyane»-tur med ein av klubbens erfarne padlarar. Turen startar kl 13.00, og her vil ein få litt lokal historie i tillegg til ein flott padletur.

Padleklubben stiller med varme grillar kl 12.00. Då er det berre å ta med seg grillmat, og tilberede det ein sjølv ynskjer. På land vil det og vere aktivitetar for borna. Me håpar at mange tek turen til Smedholmen denne dagen.