Sunnhordland Padleklubb arrangerte ein flott padletur i Fitjarøyane i helga som ein del av 150-års feiringa til Fitjar Kommune.

18 deltakarar frå Bergen, Austevoll, Tysnes, Stord og Fitjar fekk ei fin helg i lag, med padling, naturopplevingar, lokal historie og sosialt samvær. Odd Bondevik var turleiar, og Joanna Bauer sørga for at padlinga gjekk trygt føre seg.

Fredag kveld starta vi frå Grønavikjo i strålande sol, og padla via Engesund til  Ivarsøy. Hans Engel Ivarsøy hadde alt varma grillen då vi kom fram. Her vart alskens herlege saker som deltakarane hadde med seg tilbereidd og fortært i godt lag. Etter maten var somme på topptur medan andre berre kosa seg i sosialt samvær. Mykje latter, røvarhistorier, ivrige diskusjoner om padling, utstyr og laust og fast kunne høyrast til langt på natt.

Laurdag vart nok ein flott dag. På Hanøyo fikk vi ei innhaldsrik omvisning.
John Harald Sortland fortalte engasjert og livaktig om staden og livet der før og no. Vi fekk sjå ei flott øy med veldig godt bevarte hus og kulturlandskap.
På toppen var det fin utsikt mot målet for  turen, Slåtterøy, og storhavet i vest.
Åt lunch her under oppsyn av Tore vær og dei andre villsauene, før vi drog vidare.

Gjengen var innom ”Nillo” i Brandasund for proviantering før vi padla ut til Slåtterøy.

Dagens høgdepunkt vart nok allikevel omvisinga på Slåtterøy fyr.
Fleire kjente godt på høgdeskrekken då ein stod i det 25 m høge tårnet, med utsikt til Bømlo i sør, storhavet i vest og Selbjørnsøy i nord. På grillen denne dagen var det laks og kvalkjøt. Det vart mykje ”Skratt i øppna landskap” når folk samla seg rundt bålet utover kvelden og natta. Litt kaldt, men veldig kjekt. Mange av turdeltakarane overnatta under open himmel denne natta.

Sundagen starta dei fleste med egg og bacon ute i sola. To av deltakarane ville padla utover mot Slottet for å få litt større utfordringar, medan resten av gjengen padla innover igjen. Då det var eindel vind og sjø denne dagen, vart det litt strabasiøst å koma seg over Nyleio for enkelte. Men med god lagånd og hjelp kom alle seg trygt over. Innlagde pausar på Sauholmen ved Tverderøy og på Arholmen.

Ingen store uhell, og deltakarane var einige om at dette var ei flott oppleving. Fitjar har ein fantastisk skjergard som eignar seg ypparleg for oss som trivst i kajakk.

Takk til alle dei som bidrog til at turen vart ei stor oppleving!