10.klassingane ved Rimbareid skule var nyleg på Yrkesmesse på Vikahaugane på Stord.

Dei fleste hadde godt utbyte av messa. Dei fekk snakka med dei rette folka og fekk svar på mange viktige spørsmål om deira yrkesval seinare i livet.

Andre var ikkje så opp i skyane, og det var òg dei som syntest det var litt kjedeleg fordi dei ikkje fann det dei søkte etter. Det kom fram i ein kjapp intervju-runde me hadde med nokre av deltakarane.

Likefullt: Yrkesmessene er ei viktig hjelp for skuleungdom til å finna vegen vidare mot endeleg yrkesval.